Odda

Odda

Inst i Sørfjorden finn du den einaste byen i regionen. I Odda har dei lange tradisjonar innanfor både turisme og industri, og det er ikkje utan grunn at stadig fleire tar turen til den sjarmerande byen.

Ullensvang er Noregs friluftshovudstad, og vegen mellom store natur- og kulturopplevingar er kort. Dei siste åra har fjellformasjonen og turmålet Trolltunga gjort at Odda og Ullensvang har sigla fram som blant dei mest ynda reisemåla i Noreg.

På 20 år har Odda gått frå å vera det Lonely Planet omtalte som “den styggaste byen i Noreg” til å verta ein anerkjent destinasjon for natur- og kulturinteresserte frå heile verda. Her er alt lagt til rette for det nære og det spektakulære friluftslivet, uansett om du går dei høgste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden. 

I tillegg til nasjonalikonet Trolltunga, kan Odda skilta med ei rekke flotte fotturar og fantastiske omgjevnader. I Sørfjorden finn du Noregs kanskje største frukthage. Her ligg sider- og fruktgardane ligg tett i tett mellom hundretusenvis av frukttre. Det er også ein ideell stad dersom du ynskjer å oppleva den rike kulturhistoria til Hardanger. Eit godt tips er å køyra langs Nasjonal turistveg Hardanger. Den går over store deler av kommunen og gjer at du kjem tett på det unike landskapet Odda og friluftshovudstaden Ullensvang har å by på.

Foto: Visit Hardangerfjord & Sindre Ellingsen